9 Og dei har fått kjenna det, heile folket,Efraim og dei som bur i Samaria,dei som stolte og hovmodige sa:
10 «Teglsteinar har falle,vi byggjer opp att med tilhoggen stein.Morbærtre er felte,vi plantar sedrar i staden.»
11 Då gav Herren motstandaren deira, Resin, makt over deiog hissa opp fiendane deira,
12 aramearane frå austog filistrane frå vest.Dei fortærte Israel med vidopen munn.Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette,handa er framleis lyft.
13 Men folket vende ikkje omtil han som slo det,dei søkte ikkje Herren over hærskarane.
14 Då hogg Herren av Israel både hovud og hale,palmegrein og siv på éin dag.
15 Den eldste og den fornemme er hovudet,halen er profeten som lærer bort løgn.