Mika 1 N11NN

1 Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet i dei dagane då Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, det han såg om Samaria og Jerusalem.

Herren openberrar seg til dom

2 Høyr, alle de folkeslag!Lytt, du jordog alt som fyller deg!Herren Gud skal vera vitne mot dykk,Herren sjølv, frå sitt heilage tempel.

3 Sjå, Herren går ut frå sin stad,stig ned og skrid framover høgdene på jorda.

4 Fjella smeltar under han,og dalane rivnar,som voks når det smeltar for elden,som vatn når det renn utfor stupet.

5 Alt dettepå grunn av Jakobs opprørog Israels synder!Kva er Jakobs opprør?Samaria!Og kva er Judas offerhøgder?Jerusalem!

6 Men eg skal leggja Samaria i ruinarog gjera byen om til vinmarker.Eg velter steinane ned i dalenog legg grunnvollane hennar berre.

7 Alle gudebileta hennar skal knusast,alle horegåvene skal brennast,og alle avgudsbileta vil eg øydeleggja.Med horepengar har ho samla dei,og til horeløn skal dei bli.

8 Difor må eg klaga og jamra,gå berrføtt og naken omkring,eg held klage som sjakalen,har sorg som strutsen.

9 For skaden hennar kan ikkje lækjast.No står Juda for tur.Det har nådd til mitt folks port,til Jerusalem.

Klage over byane i Juda

10 Kunngjer det ikkje i Gat!Ikkje gråt og klag!Velt deg i støvet i Bet-Leafra!

11 Dra bort naken og med vanære,du som bur i Sjafir!Ho som bur i Saanan,kjem ikkje ut.I Bet-Ha'esel held dei klage,der får de ikkje støtte.

12 Ho som bur i Marot,ventar på lukke,men ulukke frå Herrenkjem ned ved Jerusalems port.

13 Spenn hestane for vogna,du som bur i Lakisj!Der var opphavettil synd for dotter Sion,for hos deg er Israels opprør å finna.

14 Difor må du gje skilsmissegåve til Moresjet-Gat.Som ein uttørka bekker husa i Aksib for Israels kongar.

15 Endå ein gong sender eg ein for å hærta deg,du som bur i Maresja.Til Adullam kjem Israels pryd.

16 Klipp deg og rak deg snaufor borna du hadde kjær!Klipp deg snau som ein gribb,for dei er førte bort frå deg.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7