Mika 3 N11NN

Griske hovdingar

1 Eg sa:Høyr, Jakobs hovdingar,de leiarar i Israels hus!Var det ikkje desom skulle kjenna retten?

2 Men de hatar det gode og elskar det vonde.De riv huda av folkog kjøtet av beina deira.

3 Dei et kjøtet av folket mitt,huda flår dei av dei,og beina deira knuser dei.Dei breier det ut som i ei gryte,som kjøtet i ein kjel.

4 Når dei så ropar til Herren,svarar han dei ikkje.På den tid skal han løyna andletet for dei,for dei har gjort vonde gjerningar.

Mot dei falske profetane

5 Så seier Herren om dei profetanesom fører folket mitt vill,som ropar «fred»berre dei får noko å tyggja på,men lyser heilag krig mot deisom ikkje gjev dei munnen full:

6 Difor skal det bli natt for dykk – utan syn,og mørker – utan spådom.Sola skal gå ned for profetaneog dagen formørkjast omkring dei.

7 Då skal sjåarane bli til skammeog spåmennene til spott.Alle skal dei løyna skjegget,for det kjem ikkje svar frå Gud.

8 Eg, derimot,er full av styrke ved Herrens ande,av rett og kraft,så eg kan tala til Jakob om hans brot,til Israel om hans synd.

Jerusalem skal falla

9 Høyr dette, de hovdingar i Jakobs hus,de leiarar i Israels hus,de som avskyr rettferdog krøkjer det som er rett,

10 som byggjer Sion med blodog Jerusalem med urett!

11 Hovdingane hennar dømmer for betaling,prestane tek løn for å undervisa,profetane spår for pengar,og likevel støttar dei seg til Herren og seier:«Er ikkje Herren midt iblant oss?Det hender ikkje oss noko vondt.»

12 Difor:Sion skal pløyast til åker,Jerusalem skal bli til ruinog tempelberget til haugar dekte av skog.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7