1 Ve dei som tenkjer ut urettog planlegg vondtmedan dei ligg i senga!Når dagen gryr, set dei det i verk,fordi det står i deira makt.
2 Markene dei har lyst på, røvar dei,husa tek dei,og dei tvingar under segmannen og hans hus,bonden og eigedomen hans.
3 Difor seier Herren:Eg tenkjer ut ulukke over denne slekta,den kan de ikkje fri nakken ifrå.De skal ikkje lenger gå stolte ikring,for dette blir ei vond tid.
4 Den dagen skal dei syngja ei nidviseog klaga ein klagesong over dykk.«Vi er herja og øydelagde!Jorda til folket mitt blir bortgjeven,ja, teken frå meg.Markene våre blir utdelte til fråfalne.»