2 Markene dei har lyst på, røvar dei,husa tek dei,og dei tvingar under segmannen og hans hus,bonden og eigedomen hans.
3 Difor seier Herren:Eg tenkjer ut ulukke over denne slekta,den kan de ikkje fri nakken ifrå.De skal ikkje lenger gå stolte ikring,for dette blir ei vond tid.
4 Den dagen skal dei syngja ei nidviseog klaga ein klagesong over dykk.«Vi er herja og øydelagde!Jorda til folket mitt blir bortgjeven,ja, teken frå meg.Markene våre blir utdelte til fråfalne.»
5 Då skal du ikkje ha nokon i Herrens forsamlingtil å kasta lodd og dela ut jord.
6 «Hald opp med å profetera!» seier profetane.«Slik må ingen profetera!Tek skjellsorda aldri slutt?»
7 Kva er det du seier, Jakobs hus?Har Herren mista tolmodet?Er det slik han fer fram?Har eg ikkje gode ordtil dei som ferdast rett?
8 Men folket mitt har alt stått fram som ein fiende.De dreg kappa av fredelege folk.Dei som vandrar trygt, blir krigsfangar.