4 Den dagen skal dei syngja ei nidviseog klaga ein klagesong over dykk.«Vi er herja og øydelagde!Jorda til folket mitt blir bortgjeven,ja, teken frå meg.Markene våre blir utdelte til fråfalne.»
5 Då skal du ikkje ha nokon i Herrens forsamlingtil å kasta lodd og dela ut jord.
6 «Hald opp med å profetera!» seier profetane.«Slik må ingen profetera!Tek skjellsorda aldri slutt?»
7 Kva er det du seier, Jakobs hus?Har Herren mista tolmodet?Er det slik han fer fram?Har eg ikkje gode ordtil dei som ferdast rett?
8 Men folket mitt har alt stått fram som ein fiende.De dreg kappa av fredelege folk.Dei som vandrar trygt, blir krigsfangar.
9 Kvinnene i folket mitt driv de bortfrå heimane dei var glade i.De har for alltidteke mi ære frå småborna hennar.
10 Stå opp og gå!For dette er ingen kvilestad.Fordi han er urein, skal han øydeleggjast,og øydelegginga er fæl.