1 Du, Betlehem, Efrata,minst mellom slektene i Juda!Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.Hans opphav er frå gammal tid,frå eldgamle dagar.
2 Difor skal han overgje dei,heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd.Då skal resten av brørne hanskoma tilbake til Israels born.
3 Han skal stå og gjeta i Herrens kraft,i Herren sin Guds høge namn.Og dei skal bu trygt,for no rekk hans makt til endane av jorda.
4 Og han skal vera fred.Når assyrarane kjem inn i landet vårtog trakkar inn i borgene våre,då reiser vi imot deisju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.
5 Dei skal gjeta Assurs land med sverd,ja, Nimrods land med dregne våpen.Men når assyrarane kjem inn i landet vårtog trakkar over grensene våre,skal han berga oss.
6 Då skal Jakobs rest blant talrike folkeslagvera som dogg frå Herren,som regn på graset.Dei ventar ikkje på nokon mann,set ikkje si von til menneske.