5 Dei skal gjeta Assurs land med sverd,ja, Nimrods land med dregne våpen.Men når assyrarane kjem inn i landet vårtog trakkar over grensene våre,skal han berga oss.
6 Då skal Jakobs rest blant talrike folkeslagvera som dogg frå Herren,som regn på graset.Dei ventar ikkje på nokon mann,set ikkje si von til menneske.
7 Då skal Jakobs rest blant folka,midt iblant talrike folkeslag,vera som ei løve blant dyra i skogen,som ei ungløve i saueflokkar.Ho fer fram og trakkar ned,ho riv i hel, og ingen bergar.
8 Lyft handa di mot dei som står deg imot,så alle dine fiendar blir utrydda!
9 Den dagen, seier Herren,vil eg utrydda hestane du har,og øydeleggja vognene dine.
10 Eg vil utsletta byane i landet dittog riva ned alle festningane dine.
11 Eg vil utrydda trolldomskunstene du driv med,og teikntydarar skal du ikkje lenger ha.