8 Han har kunngjort for deg, menneske,kva godt er.Og kva krev Herren av deg?Berre at du gjer rett,viser trufast kjærleikog vandrar audmjukt med din Gud.
9 Herrens røyst ropar til byen,og det er visdom å frykta ditt namn.Høyr, du stamme og forsamling!
10 Finst framleis urettens skattar i huset til den urettferdigeog eit forfalska, forbanna efa-mål?
11 Kan eg vera reinmed urett vektog falske vektlodd i pungen?
12 Dei rike i byen øver vald,innbyggjarane der fer med løgn,ei svikefull tunge har dei i munnen.
13 Så skal då eg òg byrja å slå deg,øydeleggja deg for dine synder.
14 Du skal eta og ikkje bli mett,tom skal du kjenna deg.Den du tek til side, kan du likevel ikkje berga,og den du bergar, gjev eg til sverdet.