1 Ve meg! Det er som når frukta er plukkaog vinhausten er over:ikkje ei drue å eta,ikkje ein fiken eg har lyst på.
2 Dei trugne er borte frå landet,det finst ingen rettvis blant folk.Alle ligg på lur etter blod,kvar ein vil fanga sin neste i garnet.
3 Hendene er gode til å gjera vondt.Hovdingen krev inn,dommaren vil ha betaling,storkaren seier kva han vil ha,og slik snur dei om på alt.
4 Den beste av dei er som ein klungerbusk,den ærlegaste verre enn eit klungerkratt.Vaktmennenes dag er komen, rekneskapsdagen.No er forvirringa der.