5 Tru ikkje på ein kjenning,stol ikkje på ein ven!For henne som ligg i famnen din,må du vakta din munns dører!
6 For ein son vanvørder far sin,ei dotter set seg opp mot mor si,ei svigerdotter mot svigermor si,ein manns husfolk er fiendane hans.
7 Men eg vil skoda etter Herren,venta på Gud, min frelsar.Min Gud vil høyra meg!
8 Gled deg ikkje over meg, min fiende!For om eg fell, skal eg reisa meg att.Sit eg i mørkret, er Herren lys for meg.
9 Herrens vreide må eg berafordi eg har synda mot han,inntil han fører mi sakog skaffar meg rett.Han skal føra meg ut i lyset,og eg skal sjå hans rettferd.
10 Fienden min skal sjå det,og skam skal dekkjahenne som sa til meg:«Kvar er Herren din Gud?»No blir ho trakka nedsom søle i gatenemedan auga mine ser på.
11 Ein dag skal murane dine byggjast opp,den dagen skal grensene vidast ut.