7 Men eg vil skoda etter Herren,venta på Gud, min frelsar.Min Gud vil høyra meg!
8 Gled deg ikkje over meg, min fiende!For om eg fell, skal eg reisa meg att.Sit eg i mørkret, er Herren lys for meg.
9 Herrens vreide må eg berafordi eg har synda mot han,inntil han fører mi sakog skaffar meg rett.Han skal føra meg ut i lyset,og eg skal sjå hans rettferd.
10 Fienden min skal sjå det,og skam skal dekkjahenne som sa til meg:«Kvar er Herren din Gud?»No blir ho trakka nedsom søle i gatenemedan auga mine ser på.
11 Ein dag skal murane dine byggjast opp,den dagen skal grensene vidast ut.
12 Den dagen skal dei koma til degfrå Assur og Egypt,frå Egypt og Eufrat,frå hav til hav og frå fjell til fjell.
13 Og jorda skal bli til øydemark,det er dei som bur der si skuld.Det er frukt av gjerningane deira.