Efesarane 1 N11NN

Helsing

1 Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, helsar dei heilage {{i Efesos}}, dei truande i Kristus Jesus:

2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Alt i Kristus

3 Velsigna er Gud,vår Herre Jesu Kristi Far,han som i Kristus velsigna ossmed all Andens velsigningi himmelen.

4 I Kristus valde han oss utfør verda vart grunnlagd,til å stå for hans andlet,heilage og utan feil.I kjærleik

5 og etter sin eigen gode viljeavgjorde han på førehandat vi skulle få rett til å verahans born ved Jesus Kristus,

6 til lov og pris for hans herlegdom og nåde,som han så rikeleg gav ossi han som han elskar så høgt.

7 I han har vi fridomen,kjøpt med hans blod,tilgjeving for syndene.For så rik er Guds nåde,

8 som han lét strøyma over ossmed all visdom og forstand,

9 då han gjorde kjent for osssin viljes mysterium,det han gjerne ville gjera i han.

10 Han ville fullføra sin frelseplandå tida var fullmogen:å samla alt til eitt i Kristus,alt i himmelen og på jorda i han.

11 I han fekk vi òg arverett,slik det frå først var tiltenkt ossetter forsettet til han som gjennomfører altetter sin eigen plan og vilje,

12 så vi som alt har sett vår vontil Kristus,skal vera til lov og prisfor hans herlegdom.

13 I han høyrde de sanningsordet,evangeliet om frelsa dykkar.I han kom de òg til tru,merkte med seglet til Anden,Den Heilage, han som var lova,

14 han som er pantet på arventil Guds eige folk blir sett fri,til lov og pris for hans herlegdom.

3f 1 Tess 12+ Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg hugsar på dykk i bønene mine. For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage.

17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna.

18 Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage

19 og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig.

20 Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen,

21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande.

22 Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja,

23 som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.

Kapitler

1 2 3 4 5 6