Efesarane 3 N11NN

Paulus, apostel for heidningane

1 Difor bøyer eg mine kne – eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykkar skuld, de som er heidningar.

2 De har høyrt om den forvaltaroppgåva Gud i sin nåde har gjeve meg hos dykk.

3 I ei openberring vart mysteriet gjort kjent for meg, slik eg kort har skrive om her.

4 Og når de les det opp, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi mysterium,

5 det som menneska i tidlegare slektsledd ikkje fekk vita om, men som no ved Anden har vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar:

6 at heidningane har del i den same arven, den same kroppen og den same lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet.

7 Eg vart ein tenar for dette evangeliet då Gud med si veldige kraft gav meg si nådegåve.

8 Ja, til meg, den minste av alle dei heilage, er denne nåden gjeven: å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom

9 og føra Guds frelseplan fram i lyset, det mysteriet som frå evig tid har vore løynt hos Gud, han som har skapt alt.

10 Slik skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrommet,

11 slik Gud frå evig tid hadde fastsett og no har fullført i Kristus Jesus, vår Herre.

12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit.

13 Difor bed eg dykk: Mist ikkje motet om eg må lida for dykkar skuld; det er ei ære for dykk!

Bøn om styrke og innsikt

14 Difor bøyer eg mine kne for Far,

15 han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.

16 Må han som er så rik på herlegdom,styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.

17 Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved truaog de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

18 Må de saman med alle dei heilagefå styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,

19 ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!

20 Han som verkar i oss med si kraftog kan gjera så uendeleg mykje meirenn alt det vi bed om og skjønar,

21 han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesusgjennom alle slekter og i alle æver! Amen.

Kapitler

1 2 3 4 5 6