14 han som er pantet på arventil Guds eige folk blir sett fri,til lov og pris for hans herlegdom.
3f 1 Tess 12+ Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg hugsar på dykk i bønene mine. For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage.
17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna.
18 Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage
19 og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig.
20 Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen,
21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande.