20 Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen,
21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande.
22 Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja,
23 som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.