19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar. Nei, de er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til.
20 De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.
21 I han blir heile bygningen halden saman, så han veks til eit heilagt tempel i Herren,
22 og i han blir de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.