6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han,
7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.
8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.
9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.
10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.
11 De var ein gong heidningar av fødsel og vart kalla uomskorne av dei som kallar seg omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.
12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda.