8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.
9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.
10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.
11 De var ein gong heidningar av fødsel og vart kalla uomskorne av dei som kallar seg omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.
12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda.
13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.
14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp