1 Så legg eg dykk på hjartet, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått:
2 mildt, audmjukt og tolmodig, så de ber over med kvarandre i kjærleik.
3 Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman:
4 éin kropp og éin Ande,liksom de fekk éi von då de vart kalla,
5 éin Herre, éi tru, éin dåp,
6 éin Gud og Far for alle,han som er over alleog gjennom alle og i alle.