16 Ut frå han blir heile kroppen sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmålt. Slik veks kroppen og blir oppbygd i kjærleik.
17 Så bed eg dykk inntrengjande i Herren: Lev ikkje lenger slik som heidningane! Tankane deira er tomme,
18 vitet deira er formørkt, og dei er framande for livet i Gud. Dei kjenner han ikkje, og hjartet deira er forherda.
19 Dei har vorte kjenslelause og har gjeve seg over til eit utsvevande liv, dei er ureine og grådige i alt det dei gjer.
20 Men slik er det ikkje med dykk; de har lært Kristus å kjenna!
21 For de har høyrt han og vorte underviste i han etter den sanninga som er i Jesus.
22 Lev ikkje som før, men legg av det gamle mennesket som blir fortært av dei forførande lystene.