18 vitet deira er formørkt, og dei er framande for livet i Gud. Dei kjenner han ikkje, og hjartet deira er forherda.
19 Dei har vorte kjenslelause og har gjeve seg over til eit utsvevande liv, dei er ureine og grådige i alt det dei gjer.
20 Men slik er det ikkje med dykk; de har lært Kristus å kjenna!
21 For de har høyrt han og vorte underviste i han etter den sanninga som er i Jesus.
22 Lev ikkje som før, men legg av det gamle mennesket som blir fortært av dei forførande lystene.
23 Bli nye i sjel og sinn!
24 Kled dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.