25 Legg difor av løgna og snakk sant med kvarandre! For vi er lemer som høyrer kvarandre til.
26 Blir de harme, så synd ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar!
27 Gjev ikkje djevelen rom!
28 Den som stal, skal ikkje lenger stela, men arbeida og gjera noko nyttig med sine eigne hender, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.
29 Lat ikkje eit einaste ròte ord koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er, og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan bli til velsigning for dei som høyrer på.
30 Gjer ikkje Guds heilage Ande sorg, for Anden er seglet de ber til den dagen de skal friast ut.
31 Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap.