29 Lat ikkje eit einaste ròte ord koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er, og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan bli til velsigning for dei som høyrer på.
30 Gjer ikkje Guds heilage Ande sorg, for Anden er seglet de ber til den dagen de skal friast ut.
31 Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap.
32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.