4 éin kropp og éin Ande,liksom de fekk éi von då de vart kalla,
5 éin Herre, éi tru, éin dåp,
6 éin Gud og Far for alle,han som er over alleog gjennom alle og i alle.
7 Til kvar einskild av oss er nåden gjeven, alt etter som Kristi gåve blir tilmålt.
8 Difor heiter det: Han steig opp i det høge og førte bort fangar, han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han først hadde stige ned til det aller lågaste, til jorda?
10 Han som steig ned, er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt.