1 Ja, likna Gud, de som er hans kjære born.
2 Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, ein velluktande ange for Gud.
3 Hor, alle slag ureinskap og eigesjuke må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje mellom dei heilage.
4 Rå ord, tåpeleg tale og grovt snakk er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk!
5 For det skal de vita at ingen som driv hor, lever eit ureint liv eller er eigesjuk, har arverett til Kristi og Guds rike, for dette er avgudsdyrking.
6 Lat ingen narra dykk med tomme ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.
7 Gjer ikkje felles sak med slike!