14 og alt som kjem for dagen, er lys. Difor heiter det:Vakna, du som søv,stå opp frå dei døde,og Kristus skal lysa for deg.
15 Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske,
16 så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde.
17 Ver ikkje uforstandige, men forstå kva som er Herrens vilje.
18 Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden
19 og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren!
20 Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.