20 Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.
21 Ver underordna kvarandre i ærefrykt for Kristus,
22 de kvinner under dykkar ektemenn som under Herren sjølv.
23 For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for kroppen sin.
24 Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.
25 Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,
26 så han kunne gjera henne heilag og reinsa henne med badet i vatn, i kraft av eit ord.