4 Rå ord, tåpeleg tale og grovt snakk er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk!
5 For det skal de vita at ingen som driv hor, lever eit ureint liv eller er eigesjuk, har arverett til Kristi og Guds rike, for dette er avgudsdyrking.
6 Lat ingen narra dykk med tomme ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.
7 Gjer ikkje felles sak med slike!
8 Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de lys. Så lev som born av lyset!
9 For fruktene av lyset viser seg i alt som er godt, i rettferd og i sanning.
10 Prøv då kva som er til glede for Herren!