9 For fruktene av lyset viser seg i alt som er godt, i rettferd og i sanning.
10 Prøv då kva som er til glede for Herren!
11 Ta ikkje del i dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei ber inga frukt; avslør dei heller.
12 Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna.
13 Men alt kjem for dagen når lyset får avsløra det,
14 og alt som kjem for dagen, er lys. Difor heiter det:Vakna, du som søv,stå opp frå dei døde,og Kristus skal lysa for deg.
15 Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske,