1 Born, ver lydige mot foreldra dykkar i Herren, for det er rett.
2 Du skal æra far din og mor di, dette er det første bodet som òg har ein lovnad:
3 så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet.
4 Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos borna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.