12 For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.
13 Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande.
14 Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje,
15 og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå.
16 Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde.
17 Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord.
18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.