15 og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå.
16 Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde.
17 Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord.
18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.
19 Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna mysteriet i evangeliet,
20 det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.
21 Tykikos skal fortelja dykk alt, så de òg får vita korleis eg har det og korleis det står til med meg. Han er vår høgt elska bror og ein trufast tenar i Herren.