3 så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet.
4 Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos borna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.
5 Slavar, ver lydige mot dykkar jordiske herrar som mot Kristus sjølv, med respekt og ærefrykt og av eit ærleg hjarte.
6 Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar, som heilhjarta gjer Guds vilje.
7 Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener.
8 De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller slave.
9 Og de herrar, gjer det same mot slavane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje forskjell på folk.