5 Slavar, ver lydige mot dykkar jordiske herrar som mot Kristus sjølv, med respekt og ærefrykt og av eit ærleg hjarte.
6 Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar, som heilhjarta gjer Guds vilje.
7 Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener.
8 De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller slave.
9 Og de herrar, gjer det same mot slavane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje forskjell på folk.
10 Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft!
11 Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak.