7 Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener.
8 De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller slave.
9 Og de herrar, gjer det same mot slavane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje forskjell på folk.
10 Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft!
11 Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak.
12 For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.
13 Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande.