12 Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel,
13 Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor,
14 Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud,
15 Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob,
16 og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.
17 Slik er det i alt fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.
18 Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande.