Matteus 17 N11NN

Læresveinane får sjå Jesu herlegdom

1 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine.

2 Då vart han forvandla for auga deira. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset.

3 Og sjå, Moses og Elia synte seg for dei og snakka med han.

4 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Om du vil, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.»

5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Høyr han!»

6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle.

7 Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»

8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.

9 På vegen ned frå fjellet baud Jesus dei: «Fortel ikkje nokon om dette synet før Menneskesonen har stått opp frå dei døde.»

10 Då spurde læresveinane: «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?»

11 Jesus svara: «Elia skal nok koma og setja alt i rett skikk.

12 Ja, eg seier dykk: Elia er alt komen, men dei ville ikkje vita av han og gjorde med han som dei ville. På same måten kjem dei òg til å la Menneskesonen lida.»

13 Då skjøna læresveinane at han tala til dei om døyparen Johannes.

Jesus lækjer ein gut med ei vond ånd

14 Då dei kom ned til folket, kom det ein mann til Jesus, fall på kne for han

15 og sa: «Herre, miskunna deg over son min. Han er månesjuk og lid mykje vondt; ofte fell han i elden og ofte i vatnet.

16 Eg tok han med til læresveinane dine, men dei kunne ikkje lækja han.»

17 Jesus svara: «Du vantruande og vrange slekt! Kor lenge skal eg vera hos dykk? Kor lenge skal eg halda ut med dykk? Kom hit med guten!»

18 Og Jesus tala myndig til han, den vonde ånda fór ut, og guten vart god att i same stunda.

19 Då læresveinane vart åleine med Jesus, spurde dei han: «Kvifor kunne ikkje vi driva ut den ånda?»

20 «Fordi de har så lite tru», svara han. «Sanneleg, eg seier dykk: Har de tru som eit sennepsfrø, kan de seia til dette fjellet: ‘Flytt deg herifrå og dit!’ – då skal det flytta seg, og ingen ting skal vera umogleg for dykk.

21 {{Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste.}}»

Jesus talar igjen om at han skal døy og stå opp att

22 Medan dei enno gjekk omkring saman i Galilea, sa Jesus til dei: «Menneskesonen skal gjevast over i hendene på menneske;

23 dei skal slå han i hel, og tredje dagen skal han reisast opp att.» Då vart dei svært sorgfulle.

Tempelskatten

24 Då dei vel var framme i Kapernaum, kom dei som kravde inn tempelskatten, bort til Peter og spurde: «Betaler ikkje meisteren dykkar skatt til tempelet?»

25 «Jau, det gjer han», svara Peter. Då han kom heim, spurde Jesus, før Peter hadde sagt noko: «Kva meiner du, Simon? Kven er det kongane på jorda krev toll eller skatt av? Er det av borna sine eller av framande?»

26 «Av framande», svara Peter. «Så går borna fri då», sa Jesus.

27 «Men vi vil ikkje støyta dei; difor skal du gå ned til sjøen og kasta ut eit snøre. Ta den første fisken du får, og når du opnar gapet på han, finn du ein sølvmynt. Ta den og gjev han til dei for meg og deg.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28