1 Då det vart morgon, tok dei eldste i folket og alle overprestane avgjerd om å få Jesus drepen.
2 Dei batt han, førte han bort og gav han over til landshovdingen Pilatus.
3 Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus, angra han og gjekk tilbake til overprestane og dei eldste med dei tretti sølvpengane
4 og sa: «Eg har synda. Eg sveik skuldlaust blod.» Men dei svara: «Kva kjem det oss ved? Det blir di sak.»
5 Då kasta han pengane inn i tempelet og forlét staden. Og han gjekk bort og hengde seg.
6 Men overprestane tok sølvpengane og sa: «Det er ikkje tillate å leggja dei i tempelkista; for det er blodpengar.»
7 Så vart dei samde om å kjøpa Pottemakaråkeren for pengane og bruka han til gravstad for framande.
8 Difor heiter han Blodåkeren den dag i dag.
9 Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia: Dei tok dei tretti sølvstykka, det som han var verdsett til,han som Israels born lét verdsetja,
10 og gav dei for Pottemakaråkeren,slik Herren baud meg.
11 Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.
12 Men då overprestane og dei eldste kom med skuldingane sine mot han, svara han ikkje.
13 Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alle vitnemåla mot deg?»
14 Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg mykje.
15 Kvar høgtid var landshovdingen van med å gje ein fange fri, den som folket ville ha.
16 Den gongen hadde dei ein velkjend fange som vart kalla {{Jesus}} Barabbas.
17 Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, {{Jesus}} Barabbas eller den Jesus som blir kalla Messias?»
18 For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus over til han.
19 Medan Pilatus sat i dommarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.»
20 Men overprestane og dei eldste overtala folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen.
21 Landshovdingen tok igjen til orde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» Dei svara: «Barabbas!»
22 «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Messias?» spurde Pilatus. Då svara dei alle: «Krossfest han!»
23 «Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»
24 Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.»
25 Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»
26 Då gav han dei Barabbas fri, men lét Jesus piska og gav han over til krossfesting.
27 Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken omkring han.
28 Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe,
29 fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans og gav han ein kjepp i høgre handa. Dei fall på kne for han, spotta han og sa: «Ver helsa, du konge over jødane!»
30 Så spytta dei på han og tok kjeppen og slo han i hovudet.
31 Då dei hadde hånt han, tok dei av han kappa og hadde på han hans eigne klede.Så førte dei Jesus bort for å krossfesta han.
32 På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon, og han vart tvinga til å bera krossen.
33 Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden –
34 gav dei Jesus vin blanda med galle. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka.
35 Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.
36 Sidan vart dei sitjande der og halda vakt over han.
37 Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med skuldinga mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.»
38 Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida.
39 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa:
40 «Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned frå krossen!»
41 Like eins spotta overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa:
42 «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han!
43 Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har han kjær. Han har då sagt: ‘Eg er Guds Son.’»
44 Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten.
45 Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen.
46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»
47 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.»
48 Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka.
49 Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»
50 Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.
51 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast.
52 Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde.
53 Etter Jesu oppstode gjekk dei ut av gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.
54 Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av stor redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»
55 Det var òg mange kvinner der som stod langt unna og såg på. Dei hadde følgt Jesus frå Galilea for å tena han.
56 Mellom dei var Maria Magdalena, Maria som var mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.
57 Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein.
58 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han.
59 Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede
60 og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk.
61 Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava.
62 Neste dag, dagen etter førebuingsdagen, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus
63 og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: ‘Etter tre dagar blir eg reist opp.’
64 Gjev no påbod om å sikra grava til tredje dagen. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då blir den siste villfaringa verre enn den første.»
65 Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og sikra grava som de finn det best.»
66 Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen.