21 Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»
22 Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
23 Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel– det tyder: Gud med oss.
24 Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si
25 og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.