1 Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder og til å lækja all sjukdom og plage.
2 Dette er namna på dei tolv apostlane: Først Simon, han som blir kalla Peter, og så Andreas, bror hans, Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans,
3 Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus,
4 Simon Kananeos og Judas Iskariot, han som sveik han.
5 Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei: «Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane!
6 Gå heller til dei bortkomne sauene i Israels hus.