12 Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred.
13 Er huset verdt det, skal freden koma over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda tilbake til dykk.
14 Er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene.
15 Sanneleg, eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.
16 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!
17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane.
18 Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar og vitna for dei og for heidningane.