13 Er huset verdt det, skal freden koma over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda tilbake til dykk.
14 Er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene.
15 Sanneleg, eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.
16 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!
17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane.
18 Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar og vitna for dei og for heidningane.
19 Men når dei arresterer dykk, så ver ikkje urolege for korleis de skal ordleggja dykk, eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.