34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
35 Eg er komen for å setja skilje: Son mot far, dotter mot mor, svigerdotter mot svigermor,
36 og ein manns husfolk skal bli fiendane hans.
37 Den som elskar far eller mor meir enn meg, er ikkje verd meg. Den som elskar son eller dotter meir enn meg, er ikkje verd meg.
38 Og den som ikkje tek krossen sin og følgjer etter meg, er ikkje verd meg.
39 Den som finn livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.
40 Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.