10 Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.
11 Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han.
12 Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg.
13 For heilt til Johannes kom, har alle profetane og lova tala om det som skulle henda.
14 Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma.
15 Den som har øyre, høyr!
16 Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre: