12 Frå Johannes døyparens dagar og til no trengjer himmelriket seg fram, og dei som trengjer på, riv det til seg.
13 For heilt til Johannes kom, har alle profetane og lova tala om det som skulle henda.
14 Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma.
15 Den som har øyre, høyr!
16 Men kva skal eg likna denne slekta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre:
17 ‘Vi spela på fløyte for dykk,men de ville ikkje dansa.Vi song klagesongar,men de ville ikkje sørgja.’
18 For Johannes kom; han verken åt eller drakk, og folk seier: ‘Han har ei vond ånd i seg.’