21 «Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledd seg i sekk og oske.
22 Men det seier eg dykk: På dommedag skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de.
23 Og du, Kapernaum – skal du opphøgjast like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag.
24 Men det seier eg dykk: På dommedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»
25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.
26 Ja, Far, for dette var din gode vilje.
27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.