23 Og du, Kapernaum – skal du opphøgjast like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag.
24 Men det seier eg dykk: På dommedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»
25 På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.
26 Ja, Far, for dette var din gode vilje.
27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!
29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel.