1 På den tid tok Jesus vegen langsmed kornåkrane på sabbaten. Læresveinane hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.
2 Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, læresveinane dine gjer noko som ingen har lov til å gjera på sabbaten!»
3 Men han svara: «Har de ikkje lese kva David gjorde den gongen han svalt, både han og mennene hans?
4 Han gjekk inn i Guds hus, og dei åt skodebrøda, som verken han eller mennene hans hadde lov til å eta, men berre prestane.
5 Eller har de ikkje lese i lova at prestane kvar sabbat bryt sabbaten i tempelet og likevel er utan skuld?
6 Og det seier eg dykk: Her er det som er større enn tempelet!
7 Hadde de skjøna kva som ligg i dette ordet: ‘Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer’, så hadde de ikkje dømt dei som er skuldlause.