14 Men farisearane gjekk ut og la planar mot han for å ta livet av han.
15 Då Jesus fekk vita det, drog han derifrå.Store flokkar følgde han, og han lækte dei alle.
16 Men han baud dei strengt at dei ikkje måtte gjera kjent kven han var,
17 så det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten Jesaja:
18 Sjå, min tenar som eg har valt ut, han som eg elskar, i han har eg mi glede. Eg vil leggja min Ande på han, han skal kunngjera retten for folkeslaga.
19 Han skal ikkje tretta og ikkje ropa, og ingen skal høyra hans røyst i gatene.
20 Han skal ikkje bryta eit knekt siv og ikkje sløkkja ein rykande veike før han har ført retten fram til siger.